- Eg likar meg godt på havet og jobben min som «dekksjef» om bord i Northesastern. Det er flott å få vere ute, sjølv om det både stormar og snør, seier Renat Besolov.

 

«Deadliest cach»

Krabbefartøyet Northeastern, som er eigd av reiarlaget Opilio i Hordaland, må ikkje forvekslast med krabbeskipet Northwestern, som er kjent frå den amerikanske TV-serien «Deadliest cach», som nettopp viser litt av det tøffe livet om bord i eit krabbefartøy. Kvardagen er likevel ikkje så langt unna det som kjem fram i TV-serien skal i tru Renat Besolov.

 

Tøffe forhold: Vinter og kulde fører til tøffe forhold på dekk på krabbefartøya. (Foto: Privat).

 

- Om bord i krabbefartøya jobbar du heile tida på ope dekk med vind, snø og sjøsprøyt. Vi er som oftast svært langt nord, dette kan ikkje samanliknast med fiskefartøy der ein ofte står i ein varm og lun fabrikk under dekk. Ja, det er nok ein form for ekstrem jobb dette, men eg likar dette tøffe livet, seier han.

 

Likar seg på krabbefartøy

26 år gamle Renat Besolov har vakse opp i Chisinau, som er hovudstaden og den største byen i Moldova. Dei siste fem åra har han jobba om bord i fire forskjellige fartøy. Alle har vore krabbefartøy. Om bord i Northesastern varierer mannskapet litt etter sesongen, men normalt er dei 23 personar om bord. 

 

«Krabber på tanken – pengar i banken»

 

- Vi går åtte timar på jobb og åtte timar fri. Slik går vi heile turen som normalt er på fire til fem veker. Så stort sett er eg på sjøen halve året. Arbeidet går ut på å ta opp teinar, tøme dei for krabber, legge i nytt agn, reparere øydelagde reiskapar og sette dei ut igjen. Og som vi brukar å seie når vi er på havet – krabber på tanken gir pengar i banken, seier Besolov.

 

Her er litt av fangsten på ein godversdag (Foto: Privat)

 

Likar å reise i friperiodane

Han starta karriera som krabbefiskar for fem år sidan. Sidan då har han jobba på fire forskjellige fartøy. Om bord i Northeastern er dei normalt 23 personar, men det kan varierer etter sesongen kor sort tilfanget av krabber er. Mannskapet går i hovudsak åtte-timar-skift med åtte timar arbeid og åtte timar fri. Som oftast er dei fire til fem veker på havet og deretter ei tilsvarande periode fri på land.

- Eg likar å reise i friperiodane og reiser stort sett heile tida, men når eg er heime brukar eg også mykje tid på å lære meg nye ting gjennom nettbaserte kurs. Til dømes tok eg eit kurs i marknadsføring sist eg var heime. Eg prøver heile tida å finne noko som er interessant for meg, seier Besolov.

 

«Min store draum er å ha vener i alle landa i verda, som vil hugse meg med eit smil...»

 

Og kanskje blir det meir heimetid framover. I fjor gifta han seg, men har ikkje planar om å gi seg på sjøen.

- Eg likar livet på sjøen, men det er ikkje det som er draumen, men kanskje eit lite steg på veg mot den store draumen. Steg for steg går folk mot den store draumen. Gjennom eit liv kan vi prøve mange forskjellige yrke, men min store draum er å ha vener i alle land rundt om i verda, som vil hugse meg med eit smil.