For hyse og makrell fall fyrstehandsprisane meir enn eksportprisane, medan fyrstehandsprisen for sei og sild steig mindre enn eksportprisen for desse artane i 2020.  Implisitt indikerer dette at fiskarane tok sin skjerv av «koronasmellen» for desse artane i fjor. Dette kjem fram i ei oversikt over prisen som fiskarane fekk (fyrstehandsprisen) og prisen for eksportvarene.

 

Kilde: Norges sjømatråd, Norges Sildesalgslag, Norges Råfisklag og Surofi.

 

Torsk

Torskeprisen auka i 2020, men der steig fyrstehandsprisen meir i prosent, enn eksportprisen. Hovudårsaka her er at størstedelen av kvantumet blei landa tidleg på året, før koronaen slo til. Korona medførte eit markant prisfall i Euro og US dollar, og sjølv om krona svekka seg betydeleg var det ikkje nok til å kompensere prisfallet i utanlandsk valuta fullt ut. Fiskarane fekk dermed oppgjeret sitt på ein sterk kronekurs, medan eksportørane sto overfor ein marknad der prisane i NOK ikkje spegla dette. Det sette press på marginane.

 

Sei, sild og makrell

Når det gjeld utviklinga for sei, sild og makrell har prosentutviklinga i eksportprisane vore gunstigare enn for fyrstehandsprisane. Ein større del av kvantumet for desse artane blei landa etter at koronapandemien slo til. Dette gjorde at eksportørane kunne selje produkta sine til ein pris som i større grad samsvarte med innkjøpsprisen, samt at ein hadde fått betre tid til å tilpasse produkta mot dei endringane i etterspurnaden som korona medførte for marknaden.

Meir foredling/porsjonspakking mot detaljmarknaden i 2020 gav truleg ein betre eksportpris per kilo enn ein ville fått utan marknadstilpassing i samband med korona.

Lagersituasjonen spelar også inn, men den er ikkje kjent og er følgeleg ikkje tatt omsyn til. Tala indikerer likevel at også fiskarane fekk merke betydelege konsekvensar av korona gjennom fjoråret.