Eksportverdi per kilo er opp 27 % til 11,71 kroner sidan 2019. Når me i tillegg veit at nedgangen i eksportert kvantum i stor grad skuldast redusert eksport av kolmule i år grunna historisk høge fiskemjøl/olje prisar i NOK her heime, så ser 2020 særs lovande ut så langt.

 

Eksportverdiar og marknad

Korona har snarare betra situasjonen for pelagisk fiskeri. Det same har oljeprisfallet. I form av svakare NOK, som har stimulert pris for pelagiske artar og haldt desse høge. I form av at konsumet delvis har dreia mot meir langtidshaldbare og rimelege alternativ, som har stimulert etterspurnad og ergo volumsida. Indikativt og forenkla synes valutaeffekten å ha vore omlag 34 % på eksportverdi per kilo så langt i 2020. Dette har verdikjeden i både sild og makrell nytt godt av. Det er eksportert sild og makrell for 3 milliard kroner hittil i år. Når det gjeld sild er det eksportert 5 % større volum enn i fjor, og eksportverdien har gått opp med 41 % til 1,4 milliardar kroner. Makrell har hatt ein auke på 54 % i volum, og 55 % i verdi til 1,6 milliardar kroner. Det svingar mildt sagt av Pelagisk for tida.

 

Kolmule og Tobis

I tillegg kan ein nemne at omsetnadsverdien av kolmule for fyrste gong passerte 1 milliard kroner i år. Det til tross for at internasjonale fiskemjøl/olje prisar i USD er ned 7 % sidan same periode i 2019. Det rimar dårleg med at kolmuleprisane 2020 likevel er opp nesten 30 % samanlikna med i fjor. Forventningane har uansett vore i retning høgare fiskemjøl/olje prisar i marknaden framover grunna auka kinesisk etterspurnad, lock down og stopp i vårfisket i Peru, redusert tilbod etc., har nok likevel spelt ei positiv rolle for kolmuleprisane under årets fiske. Hovudårsaka er nok uansett svak NOK, som har gitt historisk høge fiskemjølprisar i norske kroner, i underkant av 14 500 kroner tonnet no i april.

 

Figuren viser forholdet mellom verdi og kvantum dei siste fem åra.

 

Når det gjeld Tobis ser det også lovande ut. Startkvote på 70 000 tonn er allereie omlag oppfiska. Og det kom nyleg ny foreløpig kvote på 110 000 tonn før endeleg kvote kjem seinare i mai. Så langt er Tobis omsett til 3,30 kroner kiloen, og med høgare feittinnhald seinare i sesongen er det grunn til å tru på høgare snittprisar framover. Historisk høge fiskemjølprisar i NOK dreg også her opp prisen i fyrstehandsomsetnaden. 

 

Pelagisk vidare i 2020

Så lenge vareflyten/logistikken til diverse marknadar ikkje blir særskilt hindra grunna koronatiltak ser resten av 2020 rimeleg lovande ut for Pelagisk. Svak NOK, og ergo historisk høge fiskemjølprisar bør framleis kunne gi bra prisar i fyrstehandsomsetnaden både for det som går- og det som ikkje- går til konsum. Når konsummønsteret under korona i tillegg viser teikn til å dreie seg mot rimelegare alternativ, samt produkt med lenger haldbarheit så stimulera det også etterspurnadsida. Det kan gi positive ringverknadar for eksportvolumet framover. Pelagisk fisk er difor i særstilling i ein krevjande koronasituasjon, og er på god veg til å gjere eit godt 2020.