Konstruktivt møte om vindkraft
Vindkraft på havet var på agendaen i eit møte som Fiskebåt og Fiskarlaget hadde med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran og olje- og energiminister Terje Aasland. – Vi hadde eit ope og konstruktivt møte, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
22 mar 2022
Frå næringa blei det fokusert på behovet for relevant forsking som gir kunnskap om eventuelle konsekvensar av installasjon av vindkraftanlegg.
- Vi må sikre oss mot negative konsekvensar i reproduksjonskapasiteten hos fiskebestandane. Vi opplever at regjeringa er opptatt av at forsking og kunnskap skal ligge til grunn før ein startar store utbyggingar, seier Maråk.

Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt. (Foto: CF Wesenberg).
Tar fiskeri på alvor
Ifølge Maråk tar dei to statsrådane innvendingane frå fiskerinæringa på alvor, og vil jobbe for å unngå, og i det minste avgrense arealkonfliktar.
- Vi peika på at fiskeria måtte ha forrang ved arealkonfliktar, og at viktige gyte- og oppvekstområde blir verna mot vindkraftutbygging, seier Maråk.
Dei to statsrådane var klare på fiskerinæringa skal delta og bli høyrt i beslutningsprosessane, og at ein i desse prosessane reduserer potensialet for konfliktar mellom næringsinteressene.
Må vise i praktisk handling
- Dette er positive signal frå regjeringa, og det er viktig at fiskeriinteressene blir høyrt i desse sakene. Det er også viktig at regjeringa viser dette i praksis, slik det blei gjort i samband med tildelinga av Sørlige Nordsjø II, seier Maråk.
I dette prosjektet blei det totale utbyggingsarealet redusert etter innspel frå fiskerinæringa.
Les også;
Styrer unna viktige tobisfelt
Klar for å starte bygginga av Nordsjø II
-Ber fiskerinæringen om å spille dum