Vi kan lære mykje av historia og gode og tilgjengelege arkiv er sentrale i ei kvar bedrift. Det er også bakgrunnen for at ArkiVest i samarbeid med Arkivverket har etablert Norsk sjømatarkiv. Norges sjømatråd er blant dei som støttar tiltaket. No er det ønske om at fleire fiskebåtreiarar også nyttar seg av tilbodet om å sikre gamle dokument for ettertida.

 

Nasjonalt ansvar

- Vi har eit nasjonalt ansvar for å ta vare på historisk verdifullt kildemateriale frå norsk sjømatsektor. Norsk sjømatarkiv ønskar difor å inngå avtalar med bedrifter og organisasjonar innafor sjømatbransjen om avlevering og/eller deponering av arkiva til verksemda. På den måten sikrar vi materialet for ettertida, seier Haram.

 

Mange skattar

Han viser til at det ligg mange skattar rundt om kring på kontora til reiarlaga.

- Det kan vere gamle bilde, forskjellig dokumentasjon og styreprotokollar. Ein veit aldri når det kan vere interessant å hente fram denne dokumentasjonen. Det kan vere forskarar som kan ha interesse av det, eller det kan vere andre formar for kultur- og historieformidling. Så lenge det ikkje er systematisert og lagra på ein sikker plass er dette utrygt, seier Haram.

Han viser til at også journalistar, forskarar og andre interesserte kan gå inn på Arkivportalen eller Digitalarkivet, og sjå originale, eldre styrereferat, sakspapir, fangsdagbøker med meir. 

- På denne måten vil ettertida kunne sjå kva som var bedriftene sitt eige syn på det dei driv med. I dei offentlege protokollane er det berre kontrollørane sitt syn som kjem fram, seier Haram.

Også skuleelevar kan ved hjelp av desse nettstandene studere fiskeribedriftene i sitt nærområdet. Dei kan til dømes finne ut når bedriftene byrja å diskutere miljøvern, tiltak mot overfiske eller andre saker. Slik kan dei sjølv skaffe seg eit balansert bilde av situasjonen gjennom å lese næringa sine eigne dokument.

 

Eigarskap til materialet

Verksemder som inngår arkivavtale sikrar at næringa blir dokumentert i notid og framtid, og at alle dokument blir plassert i offentlege og sikre arkivinstitusjonar. Samtidig har verksemda framleis eigarskap og full kontroll over bruk av eige arkivmaterialet.

- Det er opp til kunden å sjølv avgjere om dei vil, og i eventuelt kor stor grad dei vil opne for innsyn i sine arkiv. Vår jobb er berre å sikre at materialet er sikkert lagra, seier Haram.

 

Oljearkiv

Sjømatarkivet er nyetablert, men tidlegare har oljenæringa laga sitt eige arkiv, Oljearkivet. Sjømatarkivet bruker denne som modell.

 

Her kan du lese meir om Norsk sjømatarkiv