Dette går fram av Covid-19 forskrifta vedlegg A som bestemmer kva for land det oppstår karantene ved innreise til Norge frå. Denne blei endra frå midnatt, natt til mandag 8. februar. 

 

Her finn du oppdatert forskrifta.
 


Som det går fram av den oppdaterte forskrifta har blant anna Færøyene og Island fått ny status slik at det ikkje lenger oppstår karanteneplikt for personar som kjem til Norge frå desse landa. I tillegg til at ein ikkje har mellomlanda i område med kranteneplikt, er det også eit krav om at ein ikkje har oppheldt seg i andre land som er underlagt karanteneplikt i løpet av dei siste 10 dagane. Til dømes vil ein som kjem frå Færøyane eller Island og har mellomlanda på Kastrup, måtte gå i karantene.

Personar som kjem til Norge frå eit område utan karanteneplikt er ikkje underlagt krav om negativ test før innreise, eller testing etter at dei har kome eller innreiseregistrering.