Prestisjeprosjektet Hywind med 11 vindturbinar skal sikre at oljeinstallasjonane Gullfaks og Snorre kan drivast med fornybar elektrisk energi. Prosjektet har ei kostnadsramme på fem milliardar kroner og skal føre til ein reduksjon i klimagassutsleppa frå sokkelen med 200.000 tonn i året.

 

Ikkje motstandar

- Eg er på ingen måte i mot at oljeinstallasjonane på norsk sokkel blir meir klimavennlege, og er heller ikkje i mot at vi som fiskarar må dele på noko av plassen med andre næringsinteresser. Men då må det skje i lag med fiskeriinteressene, og ikkje slik at utbyggar einsidig konkluderer med at det ikkje vil få negative konsekvensar for fiskeria. Spesielt i tilfelle der både Fiskeridirektoratet og fiskeriorganisasjonane har stikk motsett oppfatning av oljenæringa er dette påfallande, seier Vikshåland.

Helge Olav Vikshåland (Foto: Fiskebåt).

Konstruktive innspel

Hywind-prosjektet på Tampen er ikkje eineståande i så måte, og Vikshåland viser til fleire tilfelle der fiskerinæringa har kome med konstruktive innspel som ikkje er tatt omsyn til.

- Det blir stadig løfta fram at det er viktig med dialog og dei etterlyser våre synspunkt. Mitt inntrykk er likevel at dei ikkje høyrer på våre innspel i desse sakene. I Hywind-prosjektet har vi kome med konkrete forslag til alternativ plassering av vindturbinane, som i langt mindre grad vil øydelegge for fiskeinteressene, men dette er ikkje tatt omsyn til. Også i andre saker har vi kome med konstruktive innspel, utan at det er tatt omsyn til det. Vi opplever difor at det ikkje er noko særleg dialog om desse prosjekta, seier Viksåhaland.

 

Høyring

Fiskebåt har i lag med Fiskarlaget sendt eit høyringsvsar til Equinor, der mange av dei same synspunkta kjem til uttrykk.

Så langt har likevel ikkje argumenta nådd fram, og Equinor har heller lagt vekt på eigne interesser, som omsyn til framtidig seismikkskyting og anna infrastruktur som allereie ligg på botnen.

 

 

Les også; - Hywind overkjører fiskeriinteressene

Les også sak i Teknisk ukeblad; «Oljeskatt» kan gjøre Hywind Tampen lønnsom