Hugs å søk om CO2-kompensasjon
Det er no opna for å søke om kompensasjon for betalt CO2-avgift for 2021. I fjor var det mange som gløymde å søke.
9 feb 2022
Opplegget for berekning av støtte i 2021 blir det same som i 2020, men for 2022 blir dette endra.
Søknadsfristen er 28. februar, men det er like greit å søke med ein gong, slik at ein slepp å gløyme det.
Informasjon og skjema finn du hos Garantikassen.