– Bestanden har gått kraftig ned frå toppåret i fjor, og er no tilbake på nivå med dei nest største toppane i tobistoktets historie, oppsummerer havforskar Espen Johnsen, til nettsida til Havforskingsinstituttet.

Johnsen er framleis på sjøen i siste del av det årlege akustikk- og tråltoktet der forskarane sjekkar stoda for tobisbestanden. Toktet dannar grunnlag for HI sitt endelege kvoteråd for kor mykje tobis det er berekraftig å fiske i norsk økonomisk sone.

 

Her kan du lese meir om kvoterådet og tobistoktet.