Havforskarane har gjennomført loddetokt i Barentshavet i tre år. Dette kom i stand etter initivativ frå fiskerinæringa, men ifølge fiskarane er toktet for lite omfattande.

- Det er eit stort område og svært lite ein rekk over med to fartøy i tre veker. Skal dette toktet gi større verdi, må det utvidast. Ein må utvide området og bruke meir tid, sa Per Magne Eggesbø, eigar av ringnotfartøyet Eros.

Forskingsdirektør Geir Huse er langt på veg einig i dette og seier at toktet blir utvida neste år, sjølv om det ikkje er nok til å innfri alle ønske.

- Vi kjem til å utvide med eit fartøy neste år som skal operere i russisk sone og også gå litt lengre ut frå kysten. Utover det blir det ikkje andre store endringar, sa Huse.

 

Ønske om fast kvote

Han viste til at koronapandemien også har gjort det særleg vanskeleg i år. Skulle ein gått inn i russisk sone, måtte ein ta med to russiske inspektørar i Murmansk, noko som ville ført til ein del vanskar i samband med karantene og smittevern.

Jørn Oddvar Majala spurte om det ikkje var mogleg å sette av ei årleg kvote på 50 000 tonn, som ein kan fiske uavhengig av kor stor bestanden er. Ifølge Majala er ikkje dette så mykje at det vil gå utover bestanden sjølv om den skulle vise seg å vere liten. Men forslaget fall ikkje i god jord hos Georg Skaret, som er toktleiar i Havforskingsinstituttet.

- Å ta ut 50 000 tonn frå ein bestand som. svingar så mykje som loddebestanden vil ikkje vere i samsvar med ein føre-var-politikk. Desse svingingane er naturlege, og skjer heilt uavhengig av fiskeriaktiviteten, sa Skaret.

 

Det pelagiske medlemsmøtet blei gjennomført digigtalt. Foto: Odd Kristian Dahle.

Stort engasjement

Det er tydeleg at engasjementet for dette fisket er stort i ringnotflåten. 89 personar deltok på det digitale møtet, der også assisterande departementsråd Morten Berg, fortalte om forvaltningssamarbeidet som Norge har med Russland. Kyrre Dale, fagsjef i Sjømat Norge orienterte om potensiale og status i marknadane og adm.dir. i Fiskebåt Audun Maråk orienterte om status rundt forhandlingane etter Brexit.