I rapporten blir det vist til at det er stor usikkerheit rundt omfanget av miljøeffekter frå vindkraftanlegg i norske farvatn. Havforskingsinstituttet (HI) frarår difor utbyggingar i område som er spesielt viktige for ulike marine dyr. Dette omfattar gyteområdee for fisk og kaste og beiteområder for sjøpattedyrarter. Utbygging bør også unngåast i område som er viktig for det marine økosystemet som for eksempel områda rundt Lofoten, eller sårbare områder som korallrev, skriv HI.

 

Les rapporten om kunnskapsgrunnlag, vurderinger og råd for 2022 når det kommer til menneskeskapt støy i havet, herunder vindkraft til havs.

 

Havforskingsinstituttet tilrår vidare bruk av støydempande tiltak som boblegardin under utbygging, og at ein unngår utbyggingsarbeid i gyteperiodar for fisk, og i beite og kasteperiodar for sjøpattedyr, i og nær områder dette gjeld. Vidare tilrår Havforskingsinstituttet at det blir brukt material til fortøyning av flytande vindturbinar som lager minst mogleg støy.

 

Her kan du sjå kva saker HI vil prioritere i 2022. 

 

Det blir stadig oftare også reist spørsmål rundt lønsemda for dei nye havvind-prosjekta. I november kom NORCE med ein rapport om at verdas største havvindprosjekt, Dogger Bank, som er ein del av Equinor si satsiing på fornybar energi, ikkje vil svare seg.

 

Les også;

Havvind gir økt strømpris – fiskeriene ofres

Manglende vilje til å forske på konsekvenser av havvind