Tidleg i veka blei det fiska ute i Norskehavet, men mot slutten av veka fann silda vegen innover fjordane, skriv Sildesalslaget i si oppsummering av veka. I helga var det gode fangstar av sild utafor fjordlinjene i Kvænangen. I løpet av veka er det registrert fangstar på vel 53 000 tonn med NVG-sild, der 38 200 tonn har gått til konsum, 14 600 til mjøl og olje og det har blitt låssett 215 tonn.

Makrellfisket tok seg opp igjen

Etter nokre veker med lite aktivitet på makrellfisket, tok det seg noko opp igjen sist veke. I Sildelaget sin journal blei det meldt inn 16 557 tonn. Fisket foregjekk på Storegga i starten på veka, og i Nordsjøen nærare helga. Det blir meldt om fisken i Nordsjøen er noko mindre, men at kvaliteten er god. 

Det er registrert enkeltfangstar på opp mot 450 tonn. Det er også landa ein del makrell frå utanlandske fartøy denne veka, som er fiska i britisk sone.