Jordheim viste til at det er mange uromoment i verda i dag, som også gjer analysane utfordrande. Dei største uromomenta er USA sin president Donald Trump og nyleg påtroppande statsminister i Storbritannia Boris Johnson.

 

Hard brexit

Og det er nettopp handelskrigen mellom USA og Kina, og det opne spørsmålet om Storbritannia forlet EU utan avtale 31. oktober i år.

- Vi trur ikkje handelskrigen mellom USA og Kina løyser seg så lenge Trump er president, og i våre analysar legg vi inn at det blir ein hard brexit, altså at Storbritannia går ut av EU utan avtale, sa Jordheim.

I tillegg trur analytikarane at det kjem til å bli ei global nedbremsing i økonomien, men ikkje ei varig svekking, då med unntak av Storbritannia. Men for norsk fiskeri gir dette likevel positive framtidsutsikter.

- Krona vil framleis halde seg svak, renta vil vere låg og oljemarknaden er i balanse. Alt dette gir gunstige forhold for norske eksportvarer, sa Jordheim.

 

Russland

Russland er ei av dei store forbrukarane av pelagisk fisk, men ein langvarig importstans for Norge har vore uheldig for norske eksportørar.

- Det er dermed ikkje heilt tomt for norsk fisk i den russiske marknaden. Ein del fisk blir eksportert til Kviterussland, bearbeida der og deretter omsatt i den russiske marknaden, seier Jan Eirik Johnsen, som er marknadsdirektør i Sjømatrådet.

Johnsen var invitert til Solstrand-seminaret til Fiskebåt Sør, for å dele sine framtidsutsikter om det kan bli ei løysing og at ein igjen kan eksportere norsk pelagisk fisk til Russland.

Jan Eirik Johnsen, som er marknadsdirektør i Sjømatrådet. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

- Russarane importerer ein god del fisk, men den kjem frå Chile, Færøyane og Kina. Ei av utfordringane for Russland er at det meste av deira eigen fangst skjer på Stillehavskysten, og er dermed langt unna marknaden som i hovudsak er i Moskvaområdet som ligg om lag 6000 kilometer unna. Russarane har ikkje greid å få til gode ordningar for logistikken, sa Johnsen.

 

Stor deltaking

I år er det rundt 140 deltakarar på seminaret som Fiskebåt Sør arrangerer på Solstrand i Os annakvart år. I tillegg til internasjonale forhold er det stortingsmeldinga om nytt kvotesystem som er hovudtema på konferansen. Etter lunsj vil det blir debatt mellom Tom-Christer Nilsen (H), Ruth Grung (Ap) og styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord. Både Nilsen og Grung er stortingspolitikarar med plass i Næringskomiteen.

God deltaking på Fiskebåt Sør sitt Solstrand-seminar. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.