Fiskebåt viser i høyringssvaret at eit tilfeldig valt år i siste ti-årsperiode gir eit misvisande bilde av kor stor fiskeriaktiviteten faktisk har vore i dette området.

- Fiskeria er dynamiske, og endrar seg frå år til år, noko som gjer at det er viktig å sjå på fiskeriaktiviteten, skriv Fiskebåt.

 

Fiskeriaktiviteten rundt Brage-plattforma dei siste 10 åra. Kartet er henta frå Fiskeridirktoratet.

 

Det planlagde vindkraftanlegget omfattar to flytande vindturbinar om lag to kilometer sør for Brage-plattforma i Nordsjøen. Anlegget er meint å forsyne Brage-plattforma med straum. Dette reiser igjen spørsmålet om kva for lovverk som skal ligge til grunn for behandlinga. Fiskebåt meiner at saka må behandlast etter havenergilova og ikkje etter petroleumslova, med tilhøyrande gunstige finansieringsordningar innafor oljeskattesystemet.

- Dette er av prinsipiell- og samfunnsmessig betydning, som vi meiner at departementet må legge fram for Stortinget, skriv Fiskebåt i høyringssvaret.

Fiskebåt har også tidlegare tatt opp denne problemstillinga i samband med vindkraftanlegg som skal gi fornybar energi til olje- og gassinstallasjonar.

 

Les også;

Fiskebåt. vil ha vindkraftsak til Stortinget

 

Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.