Ifølge dei to organisasjonane er vedtaket om utsett igangsetting av Havsul I i strid med stortinget sitt samrøystes vedtak frå 19. juni, om at det ikkje blir forlenga frist for idriftsetting utover 31.12.21. Ettersom konsesjonen er gitt med heimel i Energilova med tilhøyrande regelverk, meiner organisasjonane at samme stortingsvedtak også gjeld for konsesjonen gitt til Havsul I.

Viss ikkje regjeringa ved Olje- og energidepartementet finn grunnlag for å gjere om NVE sitt vedtak om forlenga frist, blir det rettssak.

 

Her kan du lese meir om Spleis-aksjonen

 

Havsul I er eit planlagt vindkraftanlegg med botnfaste turbinar som er tenkt plassert utafor Møre-kysten. Dette er gytefelt for fleire fiskeslag, ikkje minst for ein av dei største fiskebestandane i verda, Norsk vårgytande sild (NVG-sild).

 

Viktig fiskebestand

NVG-sild er ein enorm fiskebestand og matressurs globalt. På verdsbasis blir det fanga rundt 100 millionar tonn kvart år. Ein til to prosent av dette blir født i det aktuelle utbyggingsområdet.

Havforskingsinstituttet (HI) åtvarar mot utbygging i dette området. I ei høyring skriv HI; 

«Disse artene er ikke bare viktige for kystøkosystemet, men er også nøkkelarter i de store oseaniske systemer. Konsekvensen av å påvirke deres gytesuksess kan derfor bli formidabel». 

Motstandarane mot Havsul I, meiner at Føre-var-prinsippet må gjelde.

 

Slik er "Føre-var prinsippet"

I bruk i norsk offentleg forvaltning

«Nødvendigheten av handling på grunnlag av mindre enn full vitenskapelig sikkerhet for miljø-ødeleggelser av potensiell irreversibel natur.» Vedtak i regjeringa 24. sept. 1990.

 

I bruk innan EU (omsett frå engelsk)

"Føre-var-prinsippet anvendes der vitenskapelige bevis er mangelfulle eller usikre, eller der forskningsresultater er uten konklusjon og vitenskapelige vurderinger gir rimelig grunn til bekymring for at mulige skadevirkninger på miljø, mennesker, plante- og dyrehelse kan være uforenlig med EUs høye krav til beskyttelse." European Commission 2000.