Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett ei nasjonal makrellkvote i 2021 på 298 299 tonn. Norge må sjølv fastsette eigen makrellkvote på grunn av manglande kyststatsavtale for makrell.

 

Les også; Tøffere linje fra Norge på makrell

 

- Fiskeriministeren si avgjerd er i tråd med tilrådinga frå Fiskebåt/Fiskarlaget og makrellen si tilhørigheit i norsk farvatn. Ingen kan difor klandre Norge for å fastsette ein andel på 35 prosent, seier Maråk.

 

Sender brexit-rekninga til norske fiskarar

Maråk presiserer at det er bra at Norge svarar opp på det han karakteriserer som ei uakseptabel framferd frå Storbritannia.

- Vi opplever at Storbritannia forsøker å sende brexit-rekninga til Norge og norske fiskarar, noko vi sjølvsagt ikkje kan godta. Difor er det både bra og viktig at fiskeriministeren er tydeleg i dette spørsmålet, seier Maråk.

 

Viktig med avklaring

Eit uttak på 35 prosent eller ei nasjonal makrellkvote i 2021 på 298 299 tonn samsvarar godt med makrellen si tilhøyrigheit i sona. Ingen kan difor klandre Norge for å oppretthalde dette uttaket, ifølgje Maråk.

- Det er viktig med ei avklaring no slik at både flåte og industri kan planlegge fisket og produksjonen, seier han.

Fisket vil truleg starte tidlegare enn det som har vore vanleg dei siste åra.