Etter regjeringa sitt forslag i klimameldinga vil fiskeflåten i 2030 måtte betale kr. 5,32 i CO2-avgift per liter drivstoff. Dette vil føre til enorm kostnadsauke for store delar av fiskeflåten. Målet er å få flåten over på meir klimavenleg drivstoff, men utfordringa er at det i dag ikkje finnast teknologi som gjer dette mogleg for store delar fiskeflåten å gjere nettopp det.

 

*  Legg til grunn lineær auke i avgifta. Ikkje lagt inn prisjustering av avgifta.
** Beregna kompensasjon etter 2019 er basert på at avgiftspliktig forbruk er konstant i fiskeflåten.

 

- Ein følge av høge avgifter er at ein del fiskeri som allereie i dag har marginal lønsemd vil bli kutta ut. Dersom Norge ikkje greier å ta ut tilgjengelege kvotar, kan andre nasjonar etter Havrettstraktaten krevje tilgang til desse kvotane. I så fall kan ein risikere at utanlandske fartøy med lågare eller ingen klimaavgifter tar over norske fiskeri, der resultatet blir auka CO2-utslepp globalt.

Det skriv Fiskebåt i eit innspel til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Resultatet blir dårlegare lønsemd, seinare fornying av flåten og ingen klimagevinst.

 

Fiskeflåten – ein pådrivar

Fiskebåt understrekar samtidig at fiskeflåten både er, og har vore ein sentral pådrivar i arbeidet med å redusere utsleppa av klimagassar. Dette har skjedd gjennom ein kombinasjon av strukturering av flåten, utvikling av meir energieffektive fartøy og utstyr i tillegg til utfasing av klimafientlege kjølesystem.

Fiskebåt peikar på at det er potensiale for ytterlegare reduksjonar for fiskeflåten i åra som kjem, blant anna med å ta i bruk ny teknologi og fornying av flåten. Nybygg i dag har blant anna optimalisert skrogdesign, varmegjenvinning og tar i bruk hybridløysingar så langt det lar seg gjere. Men for fiskefartøy som er langt til havs fleire veker i strekk finnast det i dag ikkje noko alternativ til diesel, og det ser heller ikkje ut til at ein får på plass reelle alternativ med det første.

 

Kvotepliktig sektor

Fiskebåt er kjent med at EU arbeider for å innlemme skipsfart i kvotepliktig sektor, men det er uklart om fiskeflåten skal omfattast av denne ordninga. Truleg vil dette berre gjelde dei største fiskefartøya. Ifølge Fiskebåt bør det vurderest om fiskeflåten i Norge kan kome inn under denne ordninga med kvoteplikt, dersom fiskeflåten i EU blir innlemma i kvotepliktig sektor. Andre løysingar kan vere å kompensere CO2-avgifta med andre tiltak som reduserer kostnadane og dermed ikkje får så uheldige konsekvensar.

 

Fiskebåt har ei rekke andre forslag som må opp til vurdering før innfører ei opptrapping av CO2-avgifta;

  • Ei seinare nedtrapping av kompensasjonsordninga for CO2-avgift i fiskeflåten
  • Etablere eit CO2-fond etter modell av NOx-fondet
  • Arbeide for at NOx-avtalen blir forlenga, i første omgang med to år (t.o.m. 2027)
  • Vurdere om fiskeflåten kan inkluderast i kvotepliktig sektor
  • Fartsområdet det betalast CO2-avgift i bør samordnast med NOx-avgifta (nære farvan)
  • Endre definisjonen for fjerne farvatn
  • Fjerne kontrollavgifta i fiskeflåten, og droppe den planlagte fiskeriavgifta
  • Redusere/fjerne produktavgifta og forskingsavgifta

 

Les også;

Risikerer ti-dobling av avgiftene uten at det gir miljøgevinst