Britane er storkonsumentar av torsk og hyse, og minst ein tredel av dette kjem frå norske fiskebåtar. Men dette veit britane lite om, og dei veit enda mindre om korleis det er å jobbe på havet på ein fiskebåt.

For å auke kunnskapen rundt dette blir det no utlyst ein konkurranse om å lage den beste videosnutten, som skildrar korleis det er å vere fiskar på havet. Ønsket er å få inn små korte videoar til bruk i sosiale medium som på ein enkel måte viser britiske kundar kvar fisken kjem frå.

 

Fristen for å sende inn er 31. august.

 

Her kan du lese meir om konkurransen, reglar og anna praktisk som du måtte lure på.