Kvotesystemet inneheld reglar for kven som kan fiske, korleis dei kan fiske og kor mykje dei kan fiske. Hausten 2016 blei det sett ned eit utval som skulle gå gjennom kvotesystemet slik det fungerer i dag. Rapporten var på høyring fram til våren 2017, og no har regjeringa jobba i to år med å meisle ut det dei meiner bør vere den beste fiskeripolitikken framover.

- Kvotesystemet er opp gjennom åra blitt eit lappeteppe av forskjellige ordningar. Dei fleste er einige i at det er på tide å forenkle og modernisere dette systemet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik, i ei pressemelding frå departementet.

Kan følge framlegginga på nett-TV

Fiskeriministeren vil presentere tiltaka i meldinga, og det vil også vere mogleg å følgje presentasjonen på nett-tv.

Les meir om nytt kvotesystem her