I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet og Havforskingsinstituttet (HI), blir det vist til at det ser ut som det er andre reglar som gjeld for forskingsfartøya enn for fiskeflåten. Problemet for forskarane er dei lokale karantenelovene som pålegg mannskap å site 14 dagar i karantene før dei kan mønstre om bord i fartøya. For fiskeflåten er det avklart at karantenen kan avviklast om bord på visse vilkår, og viss ein reiser direkte frå flyplass til fartøyet.

 

Viktig arbeid

Fiskebåt viser i brevet til at ressursforskinga har ein direkte og nær samanheng med fiskeriaktiviteten og at difor mykje talar for at det fiske- og forskingsfartøy bør vere likestilte i forhold til karantenereglane.

I brevet blir det også lagt vekt på at kor viktig det er med vedvarande og gode forskingstokt for å berekne storleiken på fiskebestandane som i neste om gang legg grunnlaget for kor store kvotar som er berekraftig å hauste av.

 

Her kan lese heile brevet frå Fiskebåt

 

Les også; HI innstiller over halvparten av tokta