I rapporten frå Havforskingsinstituttet (HI) blir det peika på at det bør utformast ein standardisert protokoll for havvindanlegg som er tilpassa norske forhold. Denne bør både sjå på forholda før utbygging, overvake både fysiske og biologiske endringar under drift og etter at anlegga er avvikla. Forskarane meiner det også bør vere klare krav om at anlegga blir fjerna etter at drifta er avslutta.

 

Støy er eit omfattande problem

I rapporten blir det vist til at både støy og elektromagnetisk felt kan ha uheldige verknader for fleire dyreartar.

- Undersjøiske kablar frå vindturbinar produserer statiske og tidsvarierande elektromagnetiske felt. Mange dyr brukar elektromagnetisme til orientering og korleis dei forflyttar seg. Difor er det sannsynleg at migrasjon og etablering av slike arter vil bli påverka av endringar i det elektromagnetiske feltet rundt kablar som overfører energien frå turbinane, står det i rapporten.

Det blir vist til at støy er eit problem særleg i utbyggingsfasen, men at lyd som kjem av drifta også kan ha uheldige innverknader.

- I løpet av driftsfasen produserer turbinane kontinuerleg lågfrekvent lyd. Kontinuerleg lågfrekvent lyd kan påverke viktig åtferd, står det i rapporten.

 

Kunnskapshol

Havforskarane viser til at det framleis er store hol i kunnskapsgrunnlaget. Sis det det blei utarbeida ein rapport var i 2008. Forskarane konkluderer med at utifrå dagens kunnskap er det ikkje mogleg å vite korleis vindkraftverk på havet vil virke inn på livet som er der.

 

Her kan du lese heile rapporten frå HI