Medlemsmøtet blir gjennomført som eit fysisk møte i Ålesund fredag 4. september. Dagsorden for medlemsmøtet finn du her, men i tillegg til fiskeriministeren sitt innlegg blir det ein gjennomgang av Fiskebåt sitt arbeid i forhold til behandlinga av kvotemeldinga.

Det blir også andre aktuelle saker som klimautfordringar for fiskeflåten og ein gjennomgang av internasjonale kvoteavtalar.

 

Sunnmørsbesøk

Fiskeri- og sjømatministeren kombinerer deltakinga på Fiskebåt Vest-møtet med ein liten rundtur på Sunnmøre for å få meir innsikt i fiskeindustrien i området. 

- Dette er ein region som lever av og for havet. Sunnmøre er kjend for å vere framoverlent og ha ein sterk innovasjonskultur. Eg ser difor fram til å møte både tradisjonsrike og innovative sjømatbedrifter, seier Ingebrigtsen.

Produksjon av sjømat og ingrediensar frå fiskeri- og sjømatressursar er gjennomgangstema på bedriftsbesøka.