– Dette er ein draumejobb. Vi får vere ute, om ein likar å vere aktiv er det kjekt å vere på fiskebåt, seier elev Jakob Gangeskar til NRK

I tillegg gjer inntektene at reiarlaga bygger nye og store båtar. Fiskarane har eigne lugarar, treningsrom, fleire båtar har kino om bord.
 

– Det er gode båtar, og mykje gode pengar, seier Robert Sætren til NRK.

 

Les også; Lærer noko nytt kvar dag


For ti år sidan kunne mangel på arbeidskraft vere eit problem. Norsk ungdom ville jobbe offshore på supplyfartøy, medan fiskerinæringa måtte finne mannskap i utlandet.

Søkjartala til fiske- og fangstutdanningane i Vestland har kraftig vekst, og det er ventelister for å kome inn.

 

Her kan du lese heile saka.