Karanteneregelverket blei innført 12. mars 2020, og det kom tidlig på plass unntak for personar som er strengt naudsynte for å oppretthalde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Dette unntaket har i ein viss grad blitt nytta av fiskeflåten, men hovudregelen har vore at tilreisande mannskap har gjennomført karantenetida på land. 

- Dette har ført til store ekstra kostnader for reiarlaga, og det er difor skuffande at regjeringa sitt forslag omfattar berre kostander som er påløpt etter oktober 2020. Kompensasjonsperioda bør difor utvidast bakover i tid, skriv Fiskebåt i eit høyringssvar til Nærings- og fiskeridepartementet.

I høyringssvaret blir det også peika på fleire andre forhold som treng avklaring. Fiskebåt er difor positiv til at det blir utarbeid ein rettleiar, der også vilkåra i kompensasjonsordninga kjem tydeleg fram.

 

Her kan du lese høyringsbrevet frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Her kan du lese Fiskebåt sitt høyringssvar.