I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet viser Fiskebåt til at dette har vore tatt opp ved fleire høve, ikkje mint i samband med kvoteforhandlingane mellom Norge og Russland. Fiskebåt er positiv til at Norge og Russland er einige om å starte arbeidet med ein slik plan, og oppmodar difor departementet om å ta initiativ til at saka blir sett på dagsorden på det planlagte forskarmøtet i mars.

 

Vente med fordeling

Fiskebåt meiner at Norge og Russland i første omgang må konsentrere seg om å få vedtatt ein haustingsregel, og at spørsmålet om fordeling av totalkvoten mellom dei fire forvaltingsområda, og eventuelt mellom land, bør vente inntil vidare. 

Norge har vore den dominerande aktøren innan rekefiske i Barentshavet, men denne posisjonen har blitt svekka dei siste åra. Viss det blir reist krav om å starte forhandlingar om fordelinga, bør den ta utgangspunkt i sonetilhørigheit og historisk fiske, skriv Fiskebåt i brevet.

 

Oppretthalde posisjonen

Fiskebåt meiner det er viktig å legge til rette for norsk rekefiske i Barentshavet dei næraste åra, slik at Norge kan oppretthalde og styrke si rolle som den viktigaste aktøren i rekefisket.

 

Her kan du lese brevet til departementet.