Kay Ove Hafsaas er utdanna siviløkonom, og har bakgrunn frå bank- og finansnæring. I Fiskebåt skal han blant anna jobbe med rammevilkåra for fiskeflåten, strukturpolitikk og pelagisk sektor.

I starten av mai byrjar også Hanna Bauge i Fiskebåt. Bauge er utdanna jurist, og har bakgrunn frå Fiskeridirektoratet og som advokatfullmektig hos advokatselskapet Øverbø Gjørtz i Ålesund.

Eg er glad for at vi har fått på plass to topp motiverte medarbeidarar i Fiskebåt. Begge har nyttig erfaring og kunnskap å tilføre Fiskebåt, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Det var rundt 30 søkarar til dei to stillingane.