Det var Fiskebåt som i si tid tok initiativ til ordninga, som har vore sentral i samband med fornying av flåten. Ordninga opnar for at kvotegrunnlaget kan fiskast på eit innleigd fartøy utan at avkorting av kvotene, så lenge det er inngått bindande kontrakt om kjøp av nybygg. 

Tanken er å legge betre til rette for fornying av flåten ved at det gamle fartøyet kan selges på et økomomisk gunstig tidspunkt, i god tid før nybygget står ferdig, for på den måten vere med å finansiere det nye fartøyet.

 

To år er for lite

Ordninga har i utgangspunktet ei maksimal varigheit på to år, og det er dette Fiskeridirektoratet no ønskar å utvide til tre år. Ifølge Fiskeridirektoratet er to år i kortaste laget for dei prosessane som krevjast for nybygg i delar av fiskeflåten. Direktoratet si innstilling er difor ei utviding av ordninga frå to til tre år for havfiskeflåten. Direktoratet peikar også på at ordninga har bidrege til betra tryggleik og mannskapsforhold om bord, i tillegg til at den har ført til positive ringverknadar for verftleverandørindustrien.

 

Initiativ frå Fiskebåt

Fiskebåt tok i si tid initiativ til nybyggordninga og er difor samstemt med Fiskeridirektoratet i deira positive vurderingar kring ordninga si betyding for moderniseringa av fiskeflåten. Fiskebåt støttar innstillinga til Fiskeridirektoratet, og ber departementet om å følge opp saka.