Visjonen til Fiskebåt forpliktar organisasjonen til å ha eit langsiktig perspektiv på alt vi driv med. Globale miljøutfordringar som forureining av havet, plastproblemtatikken og klimaendringar, er saker som vi kontinuerleg jobbar med. Faktabasert kunnskap er viktig for alt vi gjer, og vi har difor eit tett samarbeid med havforskarar slik at vi til ei kvar tid haustar på ein forsvarleg måte av ressursane i havet.

 

Les også; 10 ting du ikke viste om havet

 

I 2017 blei det, etter initiativ frå Fiskeflåten, utarbeida eit klimaveikart for fiskeflåten. Norge har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å redusere dei nasonale klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005. Fiskeflåten skal ta sin del av dette, og har allereie gode resultat å vise til.

Som ei forlenging av klimaveikartet, er Fiskebåt partnar i Grønt Skipsfartsprogram, der det blir det jobba med tiltak som er med å utvikle ein meir energieffektiv fiskeflåte. I rapporten Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten, blir det vist til fleire tiltak som kan vere med å redusere utslepp av klimagassar ytterlegare. Fiskebåt er også tilnytta Næringslivets NOx-fond. Fondet er eit spleiselag der bedriftene som er med kan søke om støtte til tiltak for å redusere utslepp.

Meir om Grønt Skipsfartsprogram

Grønt Skipstfartsprogram er eit samarbeid mellom næringsaktørar og norske styresmakter der målet er å lage skalerbare løysingar for effektiv og miljøvenleg skipsfart. Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon har ambisjon om å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten med minst 40 prosent i perioden 2005 til 2030.

 

 

 

Arktis-avtalen

Havfiskeflåten i Norge og Russland har sammen med den europeiske sjømatindustrien inngått en avtale for å bevare det marine miljøet i Arktis. Avtalen innbærer at ingen nye områder rundt Svalbard og nordover i Arktis skal tråles før en grundig miljøkartlegging er gjort.

Her kan du lese hele avtalen.

 

Aktuelle rapportar

 

Veien fram mot 2030 - brosjyre for Grønt Skipsfartsprogram

Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten

 

Klimaveikart for norsk fiskeflåte

Kartlegging av tiltak for å redusere CO2-utslipp fra fiskeflåten

 

Les også;

Visjon og verdiar

Generelt om Fiskebåt

Styre og administrasjon

Presse

Årsrapportar og årsmøte