Frå før er Fiskebåt på Facebook, Twitter og Linkedin og utvidar no det sosiale media-engasjementet til også å omfatte Snapchat.

Kvar «kanal» har sine fortrinn og målgrupper. For Fiskebåt vil Snap vere ein måte for å kome i kontakt med yngre målgrupper, der mange brukar Snapchat.

 

Her er QR-kode til Fiskebåt sin Snapchat.

 

Vi ønskar å dele små og store historier, der dei som er ute på havet kan sende oss små videosnuttar eller bilde, enten det er frå fisket eller det er noko moro som skjer om bord. Så kan vi dele dette vidare, og forhåpentlegvis skape større interesse og engasjement for det viktige arbeidet som fiskarane gjer.