Ifølge Vaskinn er det no rundt 40 påmeldte til medlemsmøtet og det er enno mogleg å melde seg på.

- Stortingsmeldinga er omfattande og grip inn på fleire måtar, og det er blant anna snakk om å endre på viktige rammevilkår. Det er difor viktig at medlemmane får kome med sine synspunkt og at vi får diskutert moglege konsekvensar av regjeringa sine forslag. Forslaga i meldinga er nok blant dei mest omfattande forslaga som har kome på fleire ti-år i fiskerinæringa, seier Vaskinn.

Medlemsmøtet blir på Kystens hus i Tromsø på møterommet i 2. etasje. I samband med møtet inviterer Fiskebåt Nord til lunsj på restauranten Skirri i etasjen under ca. kl. 1300.

 

Våren 2020

Stortingsmeldinga «Et kvotesystem for økt verdiskapning» blei lagt fram rett før ferien og ligg no til politisk behandling i stortinget, der Næringskomiteen truleg vil kome med si innstilling i løpet av våren 2020.

Fiskebåt Nord har fått Audun Maråk til å orientere om innhaldet i meldinga, og det vil bli sett av god tid til spørsmål og diskusjon.