I dag, på kvinnedagen 8. mars, inviterte fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran organisasjonane innan fiskerinæringa til eit møte for å følge opp kva tiltak som er sett i gang i organisasjonane. Møtet var ei oppfølging etter at Skjæran i oktober kom med ei klar oppmoding til organisasjonane om å sette likestilling på agendaen.

- Skjæran skal ha ros for å ha sett temaet på dagsorden, og vi har nok alle ein veg å gå før vi er i mål. Samtidig er det hyggeleg å kunne vise til at Fiskebåt allereie har sett i gang fleire tiltak og at vi har styrka både hovudstyret og styra i regionlaga med fleire kvinner, seier Maråk.

 

Målretta arbeid

Fiskebåt har også jobba målretta ut mot medlemmane for å sikre at reiarlaga har gode rutinar for å handtere eventuelle utfordringar som skulle dukke opp i forhold til trakassering og andre kritikkverdige forhold.

 

Det er blant anna utarbeida malar for; 

  • «Rutine for varsling i saker om trakassering, seksuell trakassering og andre kritikkverdige forhold mm.»
  • «Prosedyre for håndtering av saker om trakassering, seksuell trakassering og andre kritikkverdige forhold mm.»

 

Fiskebåt har oppmoda alle medlemmar om å ta i bruk desse malane, eller liknande i sine reiarlag og på sine fartøy. I tillegg har administrasjonen utarbeida eit foredrag med tittelen «Trakassering i fiskeflåten», som blir presentert for dei som ønskar det.

 

Attraktivt for alle

Fiskebåt har også laga ein rekrutteringsvideo for havfiskeflåten, der unge kvinner som arbeider på fiskefartøy blir løfta fram for å synleggjere at fiskerinæringa tilbyr attraktive arbeidsplassar for begge kjønn.

- Det er vanskeleg å måle resultat av denne innsatsen, då Fiskebåt sjeldan har vore involvert i saker der trakassering har vore eit problem. Ingen av sakene som har vore omtalt i media har heller vore på fartøy som er tilknytta Fiskebåt. Vi har også fått tilbakemeldingar frå  kvinnelege tilsette som fortel at dei ikkje kjenner seg igjen i det bildet som har vore framme i media. Tvert om er det mange som seier at dei trivast godt i den havgåande flåten, og at dei ikkje har opplevd nokon forskjelsbehandling eller trakassering, seier Maråk.

Dette samsvarar også med konklusjonane i NOFIMA-rapporten som utgreia grunnlaget for den forrige regjeringa sin likestillingsstrategi – nettopp at kvinner ikkje opplever å bli forskjelsbehandla i den havgåande fiskeflåten.

- Vi kjem til å jobbe systematisk med desse spørsmåla framover. Vi håpar og trur at innsatsen og statsråden sitt fokus og krav til næringa, har gitt resultat i form av endring i haldningar, seier Maråk.

 

Les også;

Tre kvinner i Fiskebåt-styret

- Gleder meg til styrearbeidet

Kraftfullt initiativ mot trakassering

Kvinner som stortrivst i fiskaryrket