Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om marint vern, og har bedt om innspel frå blant anna Fiskebåt i dette arbeidet. I innspelet viser Fiskebåt til at fiskerinæringa er meir enn nokon andre avhengige av produktive økosystem, og at vern berre er eitt av fleire virkemiddel for å oppnå det. Fiskebåt har lenge vore ein pådrivar for å sikre ei god og berekraftig forvaltning av havområda. 

 

Fiskebåt har vore ein pådrivar

- Fiskebåt har vore positiv til å verne botnhabitat, både for å bevare representative naturtypar, og for å sikre produktive økosystem. Fiskebåt tok blant anna initiativ til å miljøsertifisere norske fiskeri etter MSC-standarden, som stiller strenge krav til vern av blant anna botnhabitat og økosystem. Fiskeflåten medverka også konstruktivt til identifisering og vern av korallrev langs norskekysten, og totalt 18 område med kaldtvasskorallar er no verna heilt eller delvis for fiskeriaktivitet, skriv Fiskebåt i innspelet.

Det blir også vist til at Fiskebåt for få år sidan gjekk saman med russiske kollegaer og dei største fiskeimportørane i Europa og forhandla fram den så kalla «Greenpeace-avtalen» eller «Arktis avtalen» om frivillig vern av urørte område i Arktis. Dette i samanheng med at mindre is i Barentshavet auka utbreiinga av viktige fiskebestandar og gjorde nye område tilgjengelig for fiske. 

 

Førte til endringar i lovverket

«Arktis avtalen» førte seinare til endringar i det norske lovverket for å beskytte sårbare marine økosystem. Fiskebåt hadde ein svært god dialog med Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i dette arbeidet, som resulterte i at store område i Barentshavet blei definert som nye fiskeområde og i praksis stengte for fiske med botnberørande reiskapar. I tillegg blei 10 utvalte område i det som blei definert som eksisterande fiskeområde stengt for alt fiske for å verne ein representativ botnfauna. 

 

Mål om 30 prosent vern

FN har sett seg som mål å verne 30 prosent av havområda i verda. I hovudsak gjeld dette havområde som er vesentleg dårlegare forvalta enn dei områda som Norge rå over. I dag er godt over 40 prosent av dei norske havområda allereie underlagt vern gjennom forskjellige arealbaserte tiltak som blir regulert gjennom fiskerilovgivinga.

- Det er mogleg at dagens vern ikkje fullt ut ivaretek kravet til representativitet og økologisk samanheng. Fiskebåt er difor positiv til å medverke til ein gjennomgang av vernetiltaka sørover langs norskekysten for å sikre betre representativitet, tilsvarande det som blei gjort i Barentshavet. Målet må vere å finne effektive vernetiltak som i liten grad hindrar utøvinga av fisket, skriv Fiskebåt i innspelet.

 

Sunn og klimavenleg mat

Fiskebåt er vidare opptatt av at vern av havområde ikkje skal bli eit mål i seg sjølv. Fisk er sunn og klimavenleg mat, og det er difor også eit mål å fiske tildelte kvoter i Norge. 

- Dersom viktige fiskeområde blir stengt vil dette krevje auka innsats for å fiske kvotane, noko som vil føre til større utslepp av skadelege miljøgassar, og til auka botnpåvirkning, står det i innspelet.

I forhold til andre næringar og deira aktivitet, meiner Fiskebåt at det er fullt mogleg å regulere dette gjennom dei løyva som blir gitt, utan at ein treng å utvide virkeområdet for naturmangfaldlova. 

- Det er ikkje meir vern som er svaret på utfordringane knytta til arealkonflikter til havs, men ein arealplan som reduserer konfliktnivået, heiter det i innspelet.