Målet med høyringa til Fiskeridirektoratet er å følge opp tiltak frå kvotemeldinga som stortinget har slutta seg til. I tillegg er det foreslått endringar i deltakarlova.

Høyringa er omfattande, og presenterer mange vidtrekkande endringar innan fleire område.

 

Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.

 

I høyringssvaret frå Fiskebåt blir det mellom anna peika på at det er ei utfordring at sentrale spørsmål rundt innretninga av kvotesystemet enno ikkje er avklart, etter at stortinget behandla kvotemeldinga frå Solberg-regjeringa i mai 2020.

 

Ny kvotemelding vil ha innverknad

Sitande regjering har varsla at dei vil legge fram ei ny kvotemelding som vil kunne få innverknad for fleire av forslaga som no er fremma i samband med nye forskrifter. 

- Fiskebåt meiner difor at høyringa ideelt sett burde vore utsett til den overordna politikken er fastlagt, men ser likevel behovet for framdrift og avklaringar i saka. Ein må likevel ta høgde for at synet på sentrale spørsmål i høyringa kan bli endra når den varsla kvotemeldinga blir presentert, skriv Fiskebåt i høyringssvaret.

 

Arbeidsgrupper

Sidan dette er snakk om komplekse spørsmål, sette Fiskebåt ned to arbeidsgrupper med representantar frå dei aktuelle fartøygruppene for å vurdere forslaget om samanslåing av grupper. Arbeidsgruppa som har vurdert forslaget om ei samanslåing av ringnot, pelagisk trål og nordsjøtrål, har konkludert med det ikkje er grunnlag for samanslåing av gruppene på dei premissa som Fiskeridirektoratet trekker opp.

Fiskebåt har også hatt ei arbeidsgruppe som har vore samansett av representantar frå torske- og seitrålarane som har vurdert konsekvensane av ei samanslåing av dei to gruppene. Rapporten frå denne gruppa viser at det er sterk usemje om kva for premiss som skal gjelde for ei eventuell samanslåing.

 

Ikkje mogleg å sameinast

Fiskebåt har tidlegare vore positiv til samanslåing av sei- og torsketrålarar, under føresetnad av det er brei semje om premissane for samanslåinga. No viser det eg at det ikkje er mogleg å få til det.

- Fiskebåt konstaterer at både seitrålarane og torsketrålarane avviser Fiskeridirektoratet sine føresetnader for ei samanslåing, og at det heller ikkje har vore mogleg å samle oppslutninga om alternative måtar å gjere dette på, står det i høyringssvaret.

Ifølge Fiskebåt er det ikkje er grunnlag for å gjennomføre ei samanslåing av dei to trålgruppene, og tilrår difor at det torske- og seitrålarane blir vidareført som sjølvstendige grupper.

Høyringsfristen 31. mars 2022.