Fiskebåt har hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Tromsø og Bergen. Organisasjonen blei stifta i 1946 og organiserer om lag 200 medlemsfartøy.

Styre og administrasjon

 

Kontaktionformasjon til adminstrasjon, styret og lokallag finn du her.

 

Visjon og verdiar


Arbeidsområde

Fiskebåt jobbar for å ivareta fiskarane sine interesser innafor fleire område både nasjonalt og globalt. Praktisk talt alle fiskeslaga vi fiskar på, blir forvalta i lag med andre nasjonar.

Vi brukar difor mykje tid på følgande område;

- Avtalar med andre land om reguleringar og fiske i internasjonalt farvatn.
- Nasjonale reguleringar av fisket.
- Næringsøkonomiske saker (skattar og avgifter mv.)
- Rekruttering til yrka innan den havåande fiskeflåten
- Fornying av fiskeflåten
- Forsking- og utvikling av næringa
- Tarifforhandlingar med arbeidstakarorganisasjonene (Norsk Sjømannsforbund, Det norske maskinistforbund, Norsk Sjøoffisersforbund) 
- Yte hjelp til medlemmane i enkeltsaker, både næringspolitisk og som arbeidsgivar 
 

Viktige miljøsaker

Visjonen til Fiskebåt (over) forpliktar organisasjonen til å ha eit langsiktig perspektiv på alt vi driv med. Globale miljøutfordringar som forureining av havet, plastproblemtatikken og klimaendringar, er saker som vi kontinuerleg jobbar med.

I 2017 blei det, etter initiativ frå Fiskeflåten, utarbeida eit klimaveikart for fiskeflåten. Norge har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å redusere dei nasonale klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005. Fiskeflåten skal ta sin del av dette, og har allereie gode resultat å vise til.

Som ei forlenging av klimaveikartet, er Fiskebåt partnar i Grønt Kystfartsprogram, der det blir det jobba med tiltak som er med å utvikle ein meir energieffektiv fiskeflåte. I rapporten Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten, blir det vist til fleire tiltak som kan vere med å redusere utslepp av klimagassar ytterlegare. Fiskebåt er også tilnytta Næringslivets NOx-fond. Fondet er eit spleiselag der bedriftene som er med kan søke om støtte til tiltak for å redusere utslepp.

Meir om Grønt Kystfartsprogram

Grønt Kystfartsprogram er eit samarbeid mellom næringsaktørar og norske styresmakter der målet er å lage skalerbare løysingar for effektiv og miljøvenleg skipsfart. Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon har ambisjon om å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten med minst 40 prosent i perioden 2005 til 2030.

 

Aktuelle rapportar

 

Veien fram mot 2030 - brosjyre for Grønt Kystfartsprogram

Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten

 

Klimaveikart for norsk fiskeflåte

Kartlegging av tiltak for å redusere CO2-utslipp fra fiskeflåten


 

Om fisket

Så godt som alle fiskeslag som blir fiska på er regulert gjennom kvotar. I tillegg er fangskapasiteten styrt gjennom konsesjonssystemet. Den havgåande fiskeflåten er difor godt tilpassa ressursgrunnlaget. Det blir fiska på mange forskjellige artar gjennom heile året.

Du kan lese meir om dei forskjellige fiskeartane her (ekstern lenke).

Mange fiskeslag vandrar store delar av året. Kystflåten kan drive fiske, når artane er nær kysten, medan havfiskeflåten kan fiske på dei same artane når dei er i havet. På den måten er den havgåande fiskeflåten med å sikre heilårleg drift ved foredlingsbedrifter langs kysten. I tillegg er mannskapet i den havgåande fiskefltåen busette i kyst-Norge, og er dermed viktige bidragsytarar til både busetting og sysselsettning.

Store havområde

Fisket foregår i fleire havområde. Det meste skjer i norsk økonomisk sone, i Jan Mayen-sona, rundt Svalbard, russisk sone, ved Island, Grønland og i EU og Færøyane sine økonomiske soner. I tillegg blir det drive fiske i internasjonale havområde i Norskehavet, midt-Atlanterhavet og det nordvestlege Atlanterhavet. Fisket i internasjonale farvatn, er regulert gjennom internasjonale avtalar.

 

Årsrapportar og årsmøte

Under finn du dei siste årsrapportane frå Fiskebåt. Ta kontakt med administrasjonen viss du treng eldre utgåver. Du finn også video som oppsummerer årsmøta, vedtak og presentasjonar.

 

Årsmøtet 2019

Årsmøtet 2019 blei sendt direkte på nett. Under kan du sjå opptak frå dei to årsmøtedagane.

Klikk her for å sjå videoopptak frå første årsmøtedag.

Klikk her for å sjå videopptak frå andre årsmøtedag.

Både vedtaka frå årsmøtet og presentasjonane vil om kort tid bli lagt ut her.

 

Årsmøtet 2018

Klikk her for å lese om årsmøtet og vedtaka som blei gjort.

 

Sjå video frå årsmøtet 2018 - klikk på bildet

  

 

Årsmøtet 2017

Sjå video frå årsmøtet 2018 - klikk på bildet

 

-------------------------------------------------------------

 

Årsrapport 2018

 

Årsrapport 2017

 

Årsrapport 2016