FHF gjer forskingsresultata meir tilgjengeleg
Lurer du på kva FHF har drive med det siste året? Då får du ei full oversikt her.
Strukturen på nettsida er endra slik at det blir lettare å finne fram til det som er interessant for den enkelte.
Kort fortalt er følgjer presentasjonen dei forskjellige faggruppene i FHF, der mellom anna fiskeri har fått ein eigen «bolk», der ein finn korte samanstillingar av dei viktigaste resultata innan fartøyteknologi og fiskeriteknologi. Dette er også samla i ei pdf-fil som kan lastast ned viss ein ønskar det.
- Det er sjølvsagt også lenke til prosjekta, der ein kan lese kva som er leveransen, rapportar og presentasjonar. Dette er eit av fleire grep vi gjer for å resultata våre meir relevante og tilgjengelege for flåtesida, seier kommunikasjonssjef Hans Petter Næs i FHF.
Sjekk ut denne lenka for å finne det som er mest interessant for deg.