-Får sett mykje spennande når vi er på havet
- Fiskaryrket byr på mange store opplevingar. Vi har vore på turar til Grønland og ofte fiskar vi rundt Bjørnøya og Svalbard, seier Brynhild Lien som er fiskar på trålaren Ramoen.
13 nov 2021
Ho har mange forskjellige arbeidsoppgåver i fabrikken, som å vege fisken, skjere og pakke filetar og bløgge fisken når den kjem inn. Enkelte gongar får dei også sjå kval, når dei er langt ute på havet.
- Det er rett og slett ein artig jobb, seier ho.
Sjå videoen der Brynhild Lien fortel om jobben sin