Helga Østervold (18) går til vanleg på naturbrukslinja ved Austevoll vidaregåande skule. No gler ho seg til å prøve seg på linefiske.

- Eg har ikkje vore med på det før, så dette blir spennande. Og så er det jo veldig kjekt med ein heilt ny og flott båt, seier ho.

 

Line og snurrevad

Faren Christian er også stolt over ny-investeringa. No ligg det nye kombinerte line- og snurrevadfartøyet ligg i Ålesund for ein siste sjekk før prøvefiske neste veke. No er det hektisk aktivitet for å få alt ferdig før avreise.

- Vi satsar på å få gjort unna prøvefisket i løpet av neste veke, og så går vi til Barentshavet for å fiske torsk, seier Christian.

 

Østerfjord ligg i Ålesund for siste justeringar før prøvefiske. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Både han og broren Olav som også er om bord, seier dei vil vente med snurrevadfisket til mars. Dei har difor heller ikkje fått om bord utstyret til dette enno.

- Vi treng nok litt innkøyring på det fisket. Verken vi eller mannskapet har noko erfaring med snurrevad frå tidlegare, seier Olav.

Han er likevel optimist på at det kjem til å gå bra.

- Vi har god erfaring frå ringnotfiske, og så lenge nota er stor nok skal vi nok greie få litt fisk, seier han.

 

Bygd i Tyrkia

Nye Østerfjord har akkurat kome frå verftet i Tyrkia og har det beste ustyret både i forhold til maskineri og fiskeri. 

- Ei av utfordringane med snurrevad er å sikre god kvalitet. Fisken blir difor først tatt opp i eit 10 m3 stor basseng, før den bli bedøva og bløgga. På den måten blir det kort tid frå fangst til den er ferdig filetert og fryst. Det blir også mindre press på fisken medan den er i sekken, og dermed betre kvalitet. Det viktige er å få heile prosessen til å gå så effektivt som mogleg, seier Christian.

Mannskapet på 19 skal heller ikkje kjede seg om bord. Eigen kinosal, stort treningsrom, badsute og romslege lugarar, bør vere nok til å fylle fritida om bord.

Les også;

Østervold satsar på hybrid på nybygg

 

God oversikt frå brua på Østerfjord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Fv. Christian, Helga og Olav Østervold viser fram kinosalen om bord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Romsleg badstue som mannskapet kan slappe av i etter ei hard arbeidsøkt. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Østerfjord er ustyrt med 65000 linekrokar som skal settst i løpet av fire timar. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Ein laserstråle sørger for at fuglar held seg unna, når den egna lina går ut. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Embalasjen for ferdig filetert fisk er på plass om bord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.