- Peder Janke Jacobsen (1909-98) var fiskar og sjømann, oppvokst på Bjørnsund. I tillegg var han ein habil marinemalar som malte mange bilde av fiskebåtar, handelsfartøy og seglskuter. Han signerte bilda med JANKE, JANCE eller P.J, fortel Åsmund Bjordal.

No er den pensjonerte havforskaren i gang med eit bokprosjekt om malaren, men treng fleire bilde frå han. Viss nokon har slike bilde på veggen, vil Bjordal bli glad for å få det avfotografert.

- Ja, det vil eg sette stor pris på. Viss ein har eit maleri av Janke, så ta eit bilde med mobilen og send det til meg på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller som SMS til 906 96 701, seier Bjordal.

 

"Kvitungen" er eit av fiskebåtbilda som Peder Janke Jacobsen har mala. Foto: Åsmund Bjordal.

 

Bjordal fortel at han no er i planleggingsfasen og treng difor eit godt utval av bilda til malaren. Det gjeld alle slags bilde - fiskefartøy, handelsfartøy og seglskuter.

- Eg har no nærare 60 bilde og dei tre siste kom i dag frå Ishavsmuseet Aarvak. Eg er sikker på at det finnast mange fleire hos fiskarar og reiarar, seier Bjordal.

Sjølv kjøpte han sitt første maleri av han i 1975.

- Det var eit bilde av seglskuta "Statsraad Lehmkuhl", som eg syntes var svært godt utført. For ei tid sidan søkte eg informasjon om han på nettet, men fann svært lite. No er planen å skrive en biografi med eit godt og representativt utval av samlinga med maleri. Kort sagt ei bok for å sikre at han ikkje "går i gløymeboka". Med meg på laget har eg fått lokalhistorisk kompetanse ved Arve Hammerøy og Ola Gjendem, sier Bjordal.