Fiskeridirektoratets Miljøpris kan gjevast til organisasjonar, verksemder eller enkeltpersonar som tar eit større miljøansvar, og som dermed bidrar til meir berekraft i fiskeri- og havbruksnæringane.

Miljøprisen har vore utdelt på messene Nor-Fishing eller Aqua Nor i Trondheim, og vart for første gong delt ut i 2007. Prisen har på grunn av korona ikkje vore utdelt sidan 2019.

- Er det ein person, organisasjon eller verksemd som er tilknytta fiskerisektoren og som du meiner fortener ein pris for innsatsen, er det fint om du sender eit forslag til oss, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Forslag med nokre ord om kvifor du meiner at ditt forslag fortener miljøpris sendast innan 19. juni til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.