Utover dette er det ingen større endringar i regelverket. Fisket er stengt i gyteperioda januar, februar og mars. Kvotetilrådingane var på maksimalt 5 791 tonn, men årsmøtet i NAFO sette kvota litt høgare enn det råda tilsa.

 

Reker

Når det gjeld reker 3M blei det ingen einigheit om overgang frå fangstdøgn til kvotar. På grunn av bestandssituasjonen blir det som venta ikkje opna for rekefiske i 2023. Bifangstreglane er uendra, men med nye reglar for bifangst av håkjerring. I det norske regelverket er det unntak frå ilandføringsplikta for håkjerring, håbrann og brugde, men det blir jobba i NAFO for å få ilandføringsplikt for håkjerring som er død eller døande. Dette blei ikkje vedtatt.

 

Direktør frå Island

Brynhildur Benediktsdottir frå Island er tilsett som ny direktør i NAFO etter Fred Kingston frå Canada.

 

Dette er NAFO Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen

(kilde regjeringen.no)

  • Hovudmålet til Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å sikre ei langsiktig bevaring, utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i havområdet som organisasjonen har ansvaret for i det vestlege Atlanterhavet. Dette krev internasjonalt samarbeid, og NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) vart oppretta i 1979 etter at dei 200 mils økonomiske sonene vart innførde i 1977. NAFO kom i staden for ein tidlegare forvaltningsorganisasjon som var tilpassa dei gamle grensene.
  • NAFO har 13 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegner av dei 27 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.
  • Konvensjonen som NAFO byggjer på omfattar i prinsippet alle bestandar, men med nokre få unntak. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området skal organisasjonen fastsette reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.
  • Dei seinare åra har NAFO lagt stor vekt på å modernisere organisasjonen og revidere konvensjonsteksten. Den nye konvensjonen har med både føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Det er oppretta ei ordning for tvisteløysing og strukturen i organisasjonen er endra.
  • Det har vore og er strenge reguleringar i NAFO for mange artar, mellom anna var det i ti år forbod mot torskefiske i eit stort område. Noreg har kvoterettar på lodde, torsk og reker i visse område. Noreg har også hatt rett til å fiske litt blåkveite, men den retten trer ikkje i kraft før totalbestanden kjem over eit visst nivå.
  • NAFO har innarbeidd fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 og FAO sine retningslinjer for botnfiske. I dette arbeidet er det fastsett reglar for fiske med botnreiskapar i eksisterande og nye område og sikre at sårbare marine økosystem blir beskytta.
  • NAFO har innført eit regime for hamnestatskontroll. Det er svært likt tilsvarande regime i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC), og NAFO og NEAFC har avtalt gjensidig utveksling av svartelister over fartøy som driv ulovleg, uregulert og urapportert fiske. Ved fiske i NAFO-området er det krav om 100 pst. satellittsporing og observatørdekning.