For flyreiser er det altså krav om at alle tilreisande, også dei som reiser i transit, må oppfylle dei danske krava om å framlegge ein negativ test. 

Danmark har innført eit generelt flyforbod mot transport av passasjerar som ikkje kan framvise ein negativ COVID-19-test tatt innan 24 timar før avgang. Forbodet gjeld flygingar frå heile verda til alle danske flyplassar.

Dette fører blant anna til at alle utanlandske mannskap som skal reise heim frå Norge til Danmark eller eit anna land med mellomlanding i Danmark, må avlegge test og få eit negativt svar i forkant av reisa. Viss ikkje dette kan leggas fram, vil ein bli nekta å kome om bord i flyet til Danmark.

 

Her kan du lese meir om dei danske reglane.

 

Reglane endrast stadig og tilsvarande reglar kan også gjelde for ei rekke land. Det er difor ein god idè å sjekke med flyselskapa i samband med at planlegging av utanlandsreiser.