Nye Polarbris skal leverast i august 2023, og får det nyaste innan maskineri, utstyr og utrusting, skriv verftet i ei pressemelding. Skroget blir bygd ved verftet si avdeling i Polen.

 

Polarbris, illustrasjon Karstensens Skibsværft AS.

 

Polarbris AS er eit dotterselskap under Atlantic Seafish AS som også omfattar Atlantic Longline AS, som i dag driv det kombinerte line- og snurrevadfartøyet Atlantic.

Reiarlaget har i dag dobbelt kvotesett og det er difor naudsynt med eit fartøy i tillegg til Atlantic.

Karstensens Skibsværft har dei siste åra bygd ei rekke med norske fiskefartøy. I dag har verfet 14 fartøy som skal leverast i løpet av dei neste par åra.

 

Fakta om fartøyet:

Lengde                        43,50 m
Breidde                       11,50 m
Djupns shelterdekk    6,60 m