Storbritannia er viktig for sjømatnæringa og i fjor blei det eksportert sjømat for over seks milliardar kroner til Storbritannia. Det er ein auke på 18 prosent frå året før.

Brexit viktig tema

Difor blir Brexit den vidare handteringa av kva som skjer der, eit viktig tema når Nesvik møter sin britiske kollega Michael Gove i London neste veke.

- Storbritannia er vårt fjerde viktigaste sjømatmarknad. Vi jobber grundig med brexit, og førebur oss på alle scenario. Vi siktar mot at handelen kan halde fram som i dag, og at marknadstilgangen for sjømat til Storbritannia blir den same, seier Nesvik.

Fleire møte

Fiskeriministeren besøker London onsdag 23. januar og torsdag 24. januar. Der skal han mellom anna møte med minister for miljø, mat og regionale saker, Michael Gove.

Fiskeriministeren skal også delta på UK Norwegian-UK Seafood Summit og prisutdeling for beste Fish and Chips-restaurant.