Bluewild vann innovasjonspris
Reiarlaget Bluewild AS, Ålesund og Ulstein Design & Solutions AS, Ulsteinvik gjekk av med sigeren for Nor-Fishing sin innovasjonspris på 100.000 kroner.
23 aug 2022
Prisen blei delt ut av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), med Dronning Sonja på første rad, i samband med opninga av fiskerimessa i Trondheim.
ECOFIVE står for «Eco-Friendly Fishing Vessel» og skal gi langt lavare miljøavtrykk, betre fiskekvalitet og tryggare arbeidsmiljø. Eit svært drivstoffgjerrig framdriftssystem og ei revolusjonerande løysing for ombordtaking av fisk er berre to av nyvinningane på det nye fartøyet til reiar Tore Roaldsnes.
Les også; Bluewild satsar på berekraft i alle ledd
Då fartøyet blei nominert til prisen sa Roaldsnes følgande;
— Både vi og Ulstein Design & Solutions AS er svært stolte over at ECOFIVE er nominert til Innovasjonsprisen. Det betyr mykje når ein legg inn tid og krefter for å utvikle næringa. Med ECOFIVE har vi fått fram eit nytt totalkonsept for fabrikktrålarar, som blant anna har spannande innovasjonar i eit drivstoffgjerrig hybrid framdriftssystem og ei revolusjonerande ombordtakingsløysning.»

Dagleg leiar i Bluewild, Tore Roaldsnes, i samband med lanseringa av Ecofive. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Norsk verft
Det norske verftet Westcon Yards i Ølen har starta bygginga og fartøyet er venta å bli levert i starten på 2024.
Roaldsnes har gjennom fleire år tenkt ut ei heilt ny løysing for ombordtaking av fisk. Gjennom eit nytt handteringssystem for trålen, blir fisken leia i nn i eit vassfylt fangstmottak i fartøyet under vasslinja. Fangsten forlèt ikkje vatnet og blir dermed ikkje utsett for dei same fysiske påkjenningane som når ein drar ein trålpose opp på dekk over trålslippen før tømming i mottaksbingar.
Den nye trålaren har også eit effektivt hybridanlegg med to propellar, som kan kombinere batteri med både dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift. Dette gjer fiskefartøyet svært drivstoffgjerrig.
Dei andre nominerte
Dei to andre nominerte til innovasjonsprisen var Marinteknikk AS saman med Ervik Havfiske AS (Herøy og Stadlandet) og Ocean Space Acoustics AS (Trondheim).