Den nye fabrikktrålaren er designa av Ulstein Design & Solutions og skal byggast ved det norske verftet Westcon i Ølen. I tillegg er ei rekke andre norske underlevarandørar som er med på prosjektet.

Fartøyet og løysingane om bord skal sørge for miljøvenleg, skånsam og effektiv fangst i eit trygt og godt arbeidsmiljø, skriv selskapet i ei pressemelding. Hekktrålaren som i dag blei presentert på Atlanterhavsparken i Ålesund, er av designtypen ULSTEIN FX101, designa av Ulstein Design & Solutions. I tillegg er ei rekke med norske teknologi- og utstyrsleverandørar engasjert i prosjektet. Trålaren får namn etter konseptet ECOFIVE – eco-friendly fishing vessel, som er utvikla av teamet i Bluewild over fleire år.

 

Verdiskaping

- ECOFIVE vil umiddelbart gi auka verdiskaping regionalt og nasjonalt ved at båten skal bygges i Norge.  I tillegg vil prosjektet kunne gi nasjonale og internasjonale marknadsmuligheiter for designselskap, utstyrleverandørar og verft, seier Tore Roaldsnes, administrerande direktør i Bluewild.

 

Tore Roaldsnes, adm.dir. i Bluewild, presenterte Ecofive-prosjektet på Atlanterhavsparken i Ålesund. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Han har jobba med prosjeketet sidan 2014 og berekningar og testar som reiarlaget har fått utført i samarbeid med skipsdesignarar og utstyrsleverandørar, viser store miljøgevinstar.

 

- Skipet vil ha eit gjennomsnitleg lavt drivstofforbruk og utslepp. Spesielt under tråling i lav fart vil vi kunne oppnå reduksjon av CO2-utslepp på opptil 40 prosent, og NOx-reduksjon på opptil 70 prosent. Vi skal også sørge for nullutslepp av restråstoff. Med det kan vi tredoble mengda av råstoff til land,  alt med kvalitet for humant konsum. Kort sagt kan vi auke kvote- og ressursutnyttinga, seier Roaldsnes.

 

Fisken blir tatt rett inn frå sjøen

Ein av dei andre store nyvinningane på prosjektet er trålen. I staden for å trekke den opp på dekk før ein tek ut fisken, skal fisken på dette fartøyet bli tatt rett inn i tankar utan å forlate sjøen. På den måten er fisken i sjøvatn heilt fram til den blir bløgga, noko som betrar fiskevelferda og gir ein langt betre kvalitet der ein unngår stress- og trykkskadar på fisken.

 

Etter planen skal Ecofive vere klar til overlevering på slutten av 2023.

 

Fleire underleverandørar er med på prosejektet. Her kan du lese pressemeldingane frå nokre av dei; 

Ulstein Group om framdrift og berekraftig fiske 

PTG

Evotec

Cflow

 

Les også Bluewild si eiga pressemdling om prosjektet.

 

Om Bluewild

Bluewild er eit ålesundbasert fiskeriselskap som leverer høgkvalitets villfanga sjømat. Selskapet opererer to frysetrålarar, har 90 tilsette og forventar ei omsetning av arktisk kvitfisk og reker, på MNOK 240 i 2021.

Bluewild har base ved den tidligere «Nor Lines-terminalen» på Flatholmen i Ålesund.

Bluewild si nye hovudbase blei bygd av Ålesundregionens havnevesen i 2013. Anlegget er på 3.800 kvadratmeter, åtte mål med  uteareal og ei 110 meters djupvasskai. Her er det allerede etablert administrasjonskontor og lager, og vil på sikt også bli  fiskerihamn med fryseri for selskapet sine trålarar.