Den havgåande flåten sikrar råstoff og leverer fisk av høg kvalitet året rundt, langs heile norskekysten. Utan ein havgåande fiskeflåte ville mange av desse ressursane ikkje blitt nytta. 

Summen av dette har sikra ei berekraftig forvaltning og lønsam hausting av dei norske villfiskbestandene.  ​ 

 

VIDEO: Her kan du sjå Fiskebåt sin film om berekraft

 

Den havgåande flåten spelar ei sentral rolle for Norge som sjømat og havnasjon.  Aktivitet i dei norske havområda har vore avgjerande for å handheve norsk suverenitet, og har bidratt til å sikre råderetten over store havområde og ressursar, både over og under havbotnen.

Klima, natur og miljø er av vår tids største utfordringar. Fiskerinæringa leverer sunn mat frå fornybare bestandar, som er berekraftig forvalta. Sjømat har allereie lavt klimaavtrykk samanlikna med til dømes kjøtproduksjon.

 

Les også;

- Lasse har ansvaret for eit mannskap på 30 personar

-Spennande jakt på makrellen

-Får sett mykje spennande når vi er på havet

Leg til rette for god trivsel om bord

- Dette er hardt fysisk arbeid

Anette Olsen stortrivst som fiskar

De unge trives til sjøs