Norge har sett seg ei kvote på 429 650 tonn, noko som inneber ein norsk del på 73 prosent, skriv Fiskeridepartementet i ei pressemelding. Av dette er det sett av 891 tonn til forskings- og undervisningsføremål, 244 tonn til rekrutteringsføremål og 500 tonn til agnføremål.

- Vi støttar denne avgjerda og ser det som ein naturleg konsekvens av manglande vilje hos dei andre kyststatane i forhold til å kome norske posisjonar i møte når det gjeld fordelinga av norsk vårgytande sild, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Motvilje

Maråk viser vidare til at det har vore motvilje mot å få gjennomført ei ny vitskapeleg vurdering av sonetilhøyrigheita til bestandane i dei økonomiske sonene til kyststatane.

- Den forrige sonetilhøyrigheitsrapporten tilsa at den norske delen skulle vere vesentleg høgare enn det fiskeriministeren har fastsett for 2019. Det er diverre naudsynt med meir offensive norske posisjonar før vi forhåpentlegvis oppnår ein omforeint avtale mellom kyststatane, seier Maråk.

Avslutta prøveordning

Prøveordninga med ei gruppekvote i open kystgruppe er avslutta, og kvantumet i opaen gruppe er no gjort om til ei avsetjing på 2 000 tonn. Basert på erfaringane i fiskeria i haust er overreguleringa i lukka gruppe kyst redusert frå 30 prosent til 25 prosent for 2019.