Fleire næringsorganisasjonar fekk i dag legge fram sine synspunkt på regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som blei lagt fram sist veke. Dette skal legge grunnlaget for kva politikarane i Næringskomiteen skal innstille på seinare i haust.

 

Uheldige konsekvensar

Fiskebåt er kritisk til at regjeringa både aukar gjeldande avgifter og foreslår nye avgifter i sitt forslag for statsbudsjett for 2021. Ifølge Maråk kan auka avgifter få uheldige konsekvensar.

- Vi er kritiske til at regjeringa varslar ei nedtrapping av kompensasjonsordninga for CO2-avgifta, før ordninga har fått virke. Etter vårt syn så er kompensasjonsordninga eit langt sterkare insentiv til å satse klimavenleg, enn å innføre ei rein avgift. Vi meiner at eit CO2-fond etter modell av NOx-fondet kan vere eit godt alternativ, seier Maråk.

 

Kontrollavgift

Regjeringa har foreslått å innføre ei kontrollavgift som er finansiert av næringa. Dette for å styrke kontrollane og dermed hindre ulovlege handlingar.

- Fiskebåt er positive til å styrke kontrollane og einig i at næringa bør vere med å finansiere dette, men vi meiner dette bør sjåast i samanheng og inngå som ein del den foreslåtte fiskale avgifta på rundt 100 millionar som regjeringa har foreslått å innføre.

Regjeringa har foreslått å sette satsen til 0,22 prosent av brutto fangstverdi, og at avgifta krevast inn av fiskesalslaga. Avgifta er venta å gi eit proveny på 42 millionar kroner.

 

Les også;

Fiskebåt er kritisk til fleire av forslaga om avgiftsauke