Fiskebåt Vest i lag med NCE Blue Legasea, Marint Kompetansesenter, Surofi, Norges Sildesalgslag, Møre og Romsdal Fiskarlag, Atlanterhavsparken Akvarium og Vitensenter står saman om arrangementet – Fiskarkveld- som går av stabelen torsdag 20. oktober. Målet med samlinga er å skape ein møteplass der fiskarar og tilsette i reiarlaga, der ein på tvers av fiskeri og stillingar kan møtast uformelt og med fagleg innhald. På den måten ønskar arrangørane å styrke både samhaldet, nettverket og kompetansen i fiskerinæringa.

Det blir lagt opp til ein uhøgtidleg bransjekveld med fagleg innhald, underhaldning og god mat og drikke.

 

Her kan du lese meir om arrangementet.

Her kan du sjå ein video frå Fiskarkvelden i fjor.