Voraa presiserte at mykje er usikkert for fleire marknader som følge av korona-pandemien, men at det er grunn til å vere optimist.

 

Sjømatanalytikar Josefine Voraa (Foto: Norges sjømatråd).

 

I 2020 blei det eksportert 2500 tonn snøkrabber til ein verdi av 362 millionar kroner, som utgjorde ein verdiauke på 9,7 prosent frå året før. Mykje av årsaka er at produktet har slått til i daglegvarehandelen, som eit rimelegare alternativ til dei meir kostbare kongekrabbene.

- Vi ser at snøkrabber er eit produkt som sel godt i daglegvarebutikkane i USA, Korea og Kina, som er land der folk i utgangspunktet er glade i skalldyr. I USA var snøkrabber det mest omsette sjømatproduktet i daglegvarehandelen i fjor, sa Voraa på årskonferansen.

For 2021 er det fastsett ei totalkvote på 6500 tonn snøkrabbe for fiske på norsk kontinentalsokkel. Det er ein auke på om lag 2000 tonn frå 2020. Dette er i tråd med råda frå Havforskingsinstituttet.
 

Les også;

Øker snøkrabbe-kvoten i 2021